Omfang av arbeidet
I denne perioden vil det vere stor aktivitet med bruk av anleggsmaskiner, og enkelte vegar vil bli stengde. Følgjande vegar vil bli råka:
- Spettebakken
- Erlevegen
- Orrevegen
- Kringomvegen
- Krokvegen
Vi oppmodar alle til å vise omsyn og følgje oppsette skilting og merking.
Oppdatert informasjon
Vi forstår at dette arbeidet kan medføre ulemper for innbyggjarane i dei aktuelle gatene. Bremanger kommune og Linja vil gje nærare informasjon fortløpande om arbeid som kan råke hus og heim i området. Informasjonen vil bli gjort tilgjengeleg gjennom kommunen si heimeside, sosiale medium og direkte varsel der det er aktuelt.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål eller treng meir informasjon om prosjektet, kan du kontakte
Bremanger kommune på telefon 99704736 eller e-post inge.rogne@bremanger.kommune.no
Linja på telefon 95244136 eller e-post reidar.hansen@linja.no
Vi takkar for tolmodet og samarbeidet under dette viktige arbeidet, som vil bidra til ein tryggare og meir moderne infrastruktur i kommunen.