Informasjon om arbeid på Langeneset, Svelgen
Bremanger kommune og Linja samarbeider om eit prosjekt på Langeneset som omfattar legging av nye vatn- og avløpsleidningar, samt høgspentkablar.
For tida pågår det arbeid med kabelgrøfter i området Spettebakken og mellom fylkesveg og Orrevegen, i samband med dette blir det utført sprengingsarbeid.
Viktig informasjon om sprenging:
- Alt sprengingsarbeid blir varsla med sirener:
- Korte støyt i eitt minutt før sprenging.
- Eit langt støyt etter at sprenginga er ferdig.
- Hus som ligg tett på og som bør ha vibrasjonsmåling, vil bli varsla særskilt på førehand.
Kontaktinformasjon:
Dersom du har spørsmål om sprengingsarbeidet, kan du ta kontakt med:
- Kevin Sjøberg, bergsprengar for Kvernevik AS
Vi takkar for tolmodet og samarbeidet medan arbeidet pågår.
Publisert 19.11.2024 11.41
Sist endra 20.11.2024 14.18