Ikkje bli skremt om du høyrer eit høgt smell på tysdag

Det har si forklaring i at selskapet Linka AS skal nytte sprengstoff for å skyte ned nokre trådar i samband med sanering av ei gamal høgspentlinje. 

Kart som viser lokasjonen der salva blir fyrt av  - Klikk for stort bileteDet raude punktet viser lokasjonen kor det vil bli nytta sprengstoff. Skjermbilete

Fyrste salve blir tysdag 22. september kl. 09.00. Den blir fyrt av like ovanfor stasjonen ved Elkem, og vil difor merkast veldig godt i bygda.

For å avgrense frykt hos innbyggarane vel vi å varsle om det komande smellet. 

Dei andre salvene i prosjektet blir lengre oppe på fjellet, og vil difor ikkje merkast like godt. Desse vil det ikkje bli varsla om i forkant.