Husbanken: Tilskot til aldersvenleg oppgradering av eigen bustad

Husbanken tilbyr no tilskot for å gjere bustaden din meir aldersvenleg. Målet med tilskotet er at du skal kunne bu heime lengre, også når helsa endrar seg. Tilskot er pengar du får, som du ikkje skal betale tilbake.

Du kan søke om tilskot om:

  • du er over 62 år eller bur med ein som er over 62 år
  • du bur i bustaden sjølv og den er ein eigd eller leigd heilårsbustad. Dersom du leiger må du ha samtykke fra utleigar.
  • bustaden er di folkeregistrerte adresse
  • du skal oppgradere for minst 40 000 kroner

Kor mykje kan du få?

Du kan få dekt inntill 25 prosent av kostnadane til prosjektet. Det er inga øvre grense for totalkostnad for prosjektet, men du kan maksimalt få 75.000 kroner i tilskot. Du kan berre få tilskot ein gong per bustad.

På Husbanken si nettside kan du lese meir om tilskotet og korleis du kan søke.