Høyring gjeldande midlertidig endring av alkohollova sine avgjersle om maksimaltid for skjenking under fotball VM for herrar 2026

Alkohollova seier at det ikkje er lov å skjenke alkohol gruppe 1 og 2 i tidsrommet kl. 03.00-06.00. I tillegg seier Bremanger kommune sin alkoholpolitiske handlingsplan at det ikkje skal skjenkast alkohol gruppe 1 og 2 mellom kl. 02.00 – 08.00.

Helse- og omsorgsdepartementet har lagt fram ei høyring som foreslår endring av alkohollova si avgjersle når det gjeld maksimaltid for skjenking under fotball-VM for herrar i 2026. Forslaget går ut på at det kan skjenkast alkohol mellom 03.00-06.00 i perioden 11.juni til 19.juli. Grunnen til dette er at nokre av kampane under VM skal spelast om natta, og det er ikkje lov å skjenke alkohol i dette tidsrommet.  For Bremanger vil dette gjelde mellom kl. 02.00-08.00. 

Forslaget er ikkje vedteke i Stortinget, men dersom kommunestyret skal rekke å handsame saka før VM starta, må kommunen handsame saka utifrå at lovendringa vert vedteken. 

Formannskapet i Bremanger vedtok den 7. april, i sak 31/26,  at  saka skal leggjast ut for høyring før den skal handsamast i kommunestyret den 21.mai 2026. 

Ein ynskjer innspel frå dykk når det gjeld midlertidig endring av alkohollova sine avgjersle om maksimaltid for skjenking under fotball VM for herrar 2026 i Bremanger kommune. 

Framlegg til vedtak i kommunestyret lyder slik: 

  1. Bremanger kommunestyre gjev dispensasjon frå alkoholpolitisk plan, og vedtek midlertidig utviding av skjenketider for alkoholhaldig drikk  gruppe 1 og 2 inntil kl. 08.00, med samsvarande opningstider, i perioden 11.juni til 19. juli 2026. 
  2. Utviding gjeld berre for skjenkestadar med serveringsbevilling og som viser direktesende kampar under fotball-VM.
  3. Skjenkinga gjeld ikkje for skjenking i uteareal.
  4. Skjenkestaden skal syte føre tilstrekkeleg bemanning og vakthald.
  5. Utvidinga er ikkje generell for alle skjenkestadane i kommunen, skjenkestadane som ønskjer utvida skjenke- og opningstid må søkje om dette. 

Har du innspel?

Innspel kan sendast til: post@bremanger.kommune.no  - merk saka med sak 26/4311. 

Høyringsfristen er 13. mai 2026. 

Vedlegg