Marcel Meijer/Bremanger kommune
Bakgrunnen for at det no har blitt etablert eit felles beredskapsråd, er at det geografisk sett er viktig at Kinn og Bremanger skal vere førebudd på eit samarbeid under hendingar som kan treffe begge kommunar.
Meir beredskapssamarbeid sikrar betre koordinering mellom ulike aktørar i begge kommunar under ei krise. Eit felles beredskapsråd skal styrke samarbeidet.
Rådet skal fungere som et samarbeidsorgan for å koordinere beredskap og krisehandtering mellom kommunen, nødetatar, Forsvaret, frivillige organisasjonar og næringsliv for å styrke samfunnssikkerheita og krisemotstand lokalt og regionalt. Rådet skal vere eit rådgjevande organ utan vedtaksmynde.
Beredskapsrådet skal ha eit fast årleg fellesmøte, men kan sette opp ekstramøte utover dette ved behov.
Orienterte om tryggleikssituasjonen
Per i dag er det ikkje eit eksplisitt lovkrav om at kommunar må ha eit beredskapsråd, men regjeringa føreslo i januar 2025 å innføre ei lovfesta plikt for alle kommunar til å ha (eller vere knytt til) eit kommunalt beredskapsråd.
Statsforvaltaren har i 2025 lagt fram tydelege forventningar om at alle kommunar skal ha eit beredskapsråd.
I møtet orienterte assisterande fylkesberedskapssjef Mari Severinsen frå Statsforvaltaren om tryggleikssituasjonen, totalforsvaret og forventningar til kommunane. Vidare orienterte ho om kva eit beredskapsråd er, og korleis det kan brukast.
Til slutt vart det gjennomført ei diskusjonsøving der tema var kommunen si rolle i ein krigssituasjon.