Har du ein bustad som står ledig, eller som snart blir ledig?
Då oppmodar vi deg til å melde dette inn til kommunen. Dette vil hjelpe oss med å kartlegge bustadtilgangen og planlegge framtidig busetting.
Vi er ute etter bustadar som kan leigast over tid. Bustadar som berre er tilgjengeleg fram til våren, eller der ein ønsker å bruke bustaden til Airbnb frå mai, er ikkje aktuelle.
Når du melder inn bustaden, er det fint om du opplyser om:
- Tal på rom i bustaden/leilegheita
- Leigepris
- Om bustaden er møblert
- Om straum og internett er inkludert i leiga
Du kan melde inn bustaden ved å kontakte Therese Heggelund på e-post therese.heggelund@bremanger.kommune.no, eller ved å bruke dette skjemaet for kartlegging av bustadar for flyktningar.