"Frukostmøte" med Aksello
7. november kl. 18.30 inviterer næringsutviklaren Aksello til eit litt annleis frukostmøte, nemleg halv sju på kvelden.
Arrangementet er på Bremanger Fjordhotell i Svelgen, og det vert servert kveldsmat. Det er gratis og ope for alle!
Det vert mange innspel, blant anna frå to av oss som arbeider i kommunen. Ann Irene Myrheim skal stå for introduksjon og Tom Joensen skal orientere om Bremanger.
Programmet
- «Velkommen» v/ Ann Irene Myrheim – Bremanger Kommune
- «Nyhender, verkemiddel og oppdateringar» v/Linn Nekkøy –Aksello
- «Utvikling og vekst» v /Erlend Steinvik- Steinevik fiskefarm
- «Statsbudsjettet og kva det betyr for deg» v/ Bodil Marie Myklebust- PWC
- «Frå ide til maritim sikkerhet» v/ Ronny Bakke– Dimeq AS
- «Reiseliv i distrikta» v/ John Olav Lefdal – Davik Fjordparadis
- «Om Bremanger og framtidig organisering» v/ Tom Joensen – Bremanger Kommune
- Ordet fritt
Meld deg på gjennom Aksello
Aksello sin artikkel om arrangementet
Publisert 29.10.2024 09.34
Sist endra 29.10.2024 09.34