Fritidskortet - gjer fritidsaktivitet tilgjengeleg for alle!

Fritidskortet gjev alle barn og unge mellom 6 og 18 år 2200 kr per år som kan nyttast til fritidsaktivitetar.

Dette kan betale for medlemsavgifter og kontingentar for fritidsaktivitetar som idrettslag, kulturskule, 4H og liknande.

Få tilgong

Ordninga vert tilgjengeleg i nettportalen Friskus Bremanger i løpet av 2025. 

For å få tilgong må dei ulike laga og organisasjonane som ordninga skal virke for, samt foreldre, registrere seg i systemet. Summen som er tildelt vert ståande i Friskus inntil den vert brukt.

Informasjonsmøte

Den 16. januar kjem Friskus til Bremanger og skal informere om ordninga. Lag og organisasjonar med barn og unge som medlemsmasse vert invitert til kommunestyresalen torsdag 16. januar kl. 17.00. Samlinga vil vare inntil 2 timar.