Framgangsmåte ved sal av tomter til minstepris

Her finn du ei oversikt over framgangsmåten ved kjøp og sal av tomter til minstepris. 

Jostein Vedvik

Kommunen har ledige bustadtomter til minstepris. Dei finn du oversikt over i prospektet nedanfor. 

Prospekt - Kommunale bustadtomter til minstepris (PDF, 9 MB)

Framgangsmåte ved sal av tomtene

  • Frist for innsending av bod på tomtene vert sett til 15. oktober kl. 23.59.
  • Bod skal sendast til kommunalsjef Karl-Vidar Førde på e-post karl.vidar.forde@bremanger.kommune.no innan fristen. Det må komme tydeleg fram i e-post frå bydar kva tomt det blir sett fram bod på.
  • Dersom det ved bodfristen ligg føre fleire bod på same tomt, vil aktuelle bydarar bli informerte per e-post om at det er fleire interessentar.
  • Det vert då sett ein ny bodfrist (til dømes påfølgjande dag), og bodrunden held fram til ein endeleg vinnar er kåra.
  • Når høgste bodgjevar er avklart, tek Eigedomsmegler 1 over prosessen og gjennomfører det formelle salet.

Obs: Kostnadar knytt til oppmåling og tinglysing av tomta vert belasta kjøpar.

Retningslinjer for kjøp av tomt til minstepris

  • Ved kjøp av tomt til minstepris må kjøpar ha sendt inn byggesøknad til kommunen, i samsvar med reguleringsplan, innan eitt år.  
  • Tomter som ikkje blir byggesøkt innan fristen på eitt år blir kjøpt tilbake til Bremanger kommune.       
  • Tomtene blir selde “som dei er”.
  • Der det ikkje er infrastruktur må tiltakshavar ordne med framlegging av infrastruktur sjølv.

Spørsmål?

Spørsmål kan rettast til kommunalsjef Karl-Vidar Førde på karl.vidar.forde@bremanger.kommune.no

 eller driftsjef Magnhild Myklebust på magnhild.myklebust@bremanger.kommune.no