Petter Aarseth og Martin SteffensenÅlesundaren Petter kjente eit sakn tilbake til Vestlandet etter han fullførte mastergrad i historie og vidare lærarutdanning i Trondheim. Det var arbeidsmoglegheita som gjorde at han valde Davik, der besteforeldra vaks opp.
–Det var mange ledige stillingar i oppvekstsektoren i Nordfjord, og det var naturleg å ta imot stillinga på Davik, då eg allereie kjenner området godt frå feriebesøk i oppveksten.
Det var kjærleiken som fekk Martin frå Bergen til Bremanger.
–Kjærasten min er frå Rugsund, og ho ville vende heim att. Då vart eg med på flyttelasset.
Med ferdig lærarutdanning og erfaringar frå byen ser han fram til arbeidet på ein ny skule. Han og kjærasten kjøpt eige hus ilag i Rugsund.
Ei omstilling
Bygutane fortel at det var ei omstilling å flytte ut av byane.
–At det ikkje går buss kvart 15. minutt er ein stor forskjell, fortel Petter.
–Ja, og at det ikkje er ein butikk i nærleiken måtte eg bli vand med, seier Martin.
Andre ting er ikkje så forskjellig. Dei tok begge med seg ein aktiv kvardag frå storbyane. Martin joggar i kvardagane, og Petter spelar fotball kvar torsdag.
Skulekvardagen
Ålesundaren likar godt å arbeide med unge elevar.
–Eg føler eg gjer ein forskjell for elevane, og at eg fyller ein viktig rolle i kvardagen deira som lærar.
Bergensaren er einig.
–Det er spennande å sjå effekten av arbeidet mitt i elevane mine, spesielt på ein liten skule der eg kan følgje opp kvar elev. Han tykkjer han klarar å halde meir ro i klassen, og har lettare for å tilpasse undervisninga her enn i Bergen.
Det beste med å jobbe med ungar er variasjonen i kvardagen dei lagar, seier Martin.
–Borna skaper ein uføreseieleg kvardag, og det meiner eg positivt altså!