Fjellsikringsarbeidet ved Svelgsvatnet er ferdig

Det melder byggeleiar frå fylkeskommunen, Kristoffer Flaten. 

I august måtte vegen stengast i tolv timar for å sprenge ei stor fjellblokk.

Dei held no på med opprydding og klargjering før asfalt- og rekkverksarbeidet tek til.

Når oppryddinga er ferdig, truleg i løpet av ettermiddagen, vil vegen bli opna for trafikk fram til asfaltlegging og montering av nytt rekkverk startar. 

Fartsgrensa vil vere 50 km/t fram til asfalten er lagd og det nye rekkverket er på plass. Det er ikkje avklart når dette arbeidet tek til, men det vil bli i haust.