FHI gjennomfører stor nasjonal folkehelseundersøking

Den 16. oktober inviterer Folkehelseinstituttet (FHI) 100 000 utvalde personar over 18 år i heile Noreg til å ta del i Den nasjonale folkehelseundersøkinga.

Illustrasjonsbilete frå FHI, - Klikk for stort bileteFolkehelseinstituttet sender ut spørjeundersøking om helse og levevanar. FHI

 

 

 

 

 

 

 

Invitasjonen blir sendt ut på SMS. Dei utvalde personane er tilfeldig trekte frå Folkeregisteret. Dei inviterte er spreidt i alder og geografisk tilhøyrsel. 

Den nasjonale folkehelseundersøkinga består av eit digitalt spørjeskjema som tar omtrent 20 minuttar å svare på. Spørjeskjemaet er tilgjengeleg på fleire språk. Målet er å få betre kunnskap om befolkinga si helse og levevanar, noko som er viktig for å betre folkehelsearbeidet og helsetenester i landet.