–Familiar treng nærvær i ein krevjande situasjon

20. oktober går det bøsseberarar på alle dører i Noreg for å samle inn pengar til TV-aksjonen. Pengane går til utbygging av familiehus ved dei store sjukehusa i Noreg. Der kan alvorleg sjuke born bu saman med familien sin i behandlingsperioden. 

Ordførar i Bremanger kommune, Anne Kristin Førde, understrekar kor viktig det er med eit familiehus ved Haukeland sjukehus. Dei store geografiske avstandane i landet gjer tiltaket ekstra viktig når alvorleg sjukdom rammar born på vestlandet.

–Sjukdom er særs krevjande for både det sjuke barnet og den næraste familien. Utbygging av familiehus handlar like mykje om dei friske som den sjuke, og dei treng nærvær til einannan i ei krevjande livssituasjon, seier Anne Kristin. Sjølv om det heldigvis er få barn som blir alvorleg sjuke, har dei mange pårørande som også blir påverka, påpeikar ho. 

–Saka engasjerer mange i år, og det er ikkje rart når temaet er så sårt for mange. Mange kjenner nokon som kunne dratt nytte av eit slikt familiehus, seier Anne Kristin. Ved å legge inn ein innsats som bøsseberar er vi eit steg nærare realiseringa av prosjektet.

"Bli bøsseberar" kampanjefoto, med to born. Den eine er på ryggen til dei andre, og dei smilar. - Klikk for stort bilete

I ein så langstrekt kommune er det behov for mange bøsseberarar. Bøsseberarane skal dekke alle bygder og grender i kommunen, og det varierer frå bygd til bygd kor mange som melder seg som frivillig. Anne Kristin har vore bøsseberar i mange år, og oppmodar andre til å bli med ho i år. 

–Eg håper at fleire over heile kommunen melder interesse for å gå med bøsse. Då blir rutene kortare for alle bøsseberarar, seier Anne Kristin. Ho understrekar at å vere bøsseberar er meir fleksibelt enn mange trur! Ein kan starte når ein vil, så lenge ruta er fullført innan kl. 16.30.  –Eit år var det til og med nokre som starta dagen før!

Du kan enkelt bli bøsseberar gjennom det digitale påmeldingsskjemaet
–og ved å kontakte meg kan vi ordne det ilag, supplerer Anne Kristin. 

Anne Kristin Førde kan kontaktast på tlf. 99 16 90 91 eller på e-post: anne.kristin.forde@bremanger.kommune.no