Enklare tilgang til Grotle gamle kyrkjegard

Den gamle kyrkjegarden på Grotle skal få enklare tilgang. – Kyrkjegarden er viktig for lokal identitet, men også for tilreisande som vil lære meir om området, seier kultursjef Norvall Klungresæter.

Den gamle kyrkja på Grotle blei riven då ein reiste den nye på Frøylandet. Men kyrkjegarden på Grotle ligg der framleis ut mot storhavet, og vitnar om dei lange linjene i Bremangerbygda.

Går langt tilbake

Kyrkjegarden er eit unikt kulturminne på kysten med graver tilbake til mellomalderen.

- For to år sidan gjennomførte vi prosjektet med å kartlegge gravene, setje opp informasjonsskilt og restaurere murane. No tar vi prosjektet vidare, fortel Klungresæter.

Bilete av den universelt utforma gangvegen til Grotle kyrkjegard - Klikk for stort bileteGamle Grotle kyrkjegard. Bremanger kommune

 

 

 

 

Ny tilkomst og meir info

Den nye tilkomsten kjem i form av ein sti med skilting frå fylkesvegen, og ned til gravplassen.

- I tillegg har vi planar om formidling av kulturminna på gravplassen i det nye servicebygget kommunen har planar om å bygge ved Grotlesanden. Men det kjem vi tilbake til i ein seinare fase, avsluttar Klungresæter. Her er lenkje for meir informasjon: Grotle gamle kyrkjegard | Kringom

Bilete av arbeid med universelt utforma gangsti til gamle Grotle kyrkjegard - Klikk for stort bileteGamle Grotle kyrkjegard Bremanger kommune Bilete av ei gravemaskin under arbeid med universelt utforma gangsti til gamle Grotle kyrkjegard - Klikk for stort bileteGamle Grotle kykjegard Bremanger kommune