Prisen vert delt ut på siste kommunestyret før jul, 14. desember.
Fristen for å foreslå kandidatar denne gong er onsdag 10. oktober. Forslaget må meldast inn skriftleg til kommunen. Informasjon om eldsjelprisen er lagt ut på kommunen si heimeside.
- Skriftleg grunngjeving er viktig slik at vi får ei grundig og god handsaming av forslaga som kjem inn. Det seier kultursjef Norvall Klungresæter.
I retningslinjene står det at prisen er ei takk og ei markering til den eller dei som i nærmiljøet sitt har vist engasjement for eit lag, ein organisasjon eller for andre menneske rundt seg
Honnør til dei frivillige
Klungresæter seier prisen handlar om den uunnverlege innsatsen frivillige står for, og seier dette er eit gode for nærmiljø, kommune, næringsliv og einskild-individet.
Prisen vart endra frå kulturpris til eldsjelpris i 2017 og blir delt ut annakvart år. Altså oddetals-år. Vinnaren får 10 000 kroner, og eit eldsjeldiplom.
Det er formannskapet som bestemmer kven som skal få prisen. Vedtaket blir ikkje offentleg før prisen er delt ut, og det er ordføraren som deler ut eldsjelprisen, fortel Klungresæter:
- Føremålet med prisen er å hjelpe fram og stimulere det frivillige arbeidet.
Tidlegare vinnarar
Tidlegare hadde Bremanger ein kulturpris. Men så døypte dei om den til Eldsjelprisen. Dette er vinnarane av den nye prisen så langt:
· Bjørg H. Didriksen for arbeidet med Svelgen samfunnshus, 2017.
· Underhaldingsgruppa til Svelgen Pensjonistlag, 2019.
· Marilyn Ulvestad for miljøengasjementet sitt, 2021.
· Roger Igland for bygdeutvikling i ytre, 2023.
Så kven vil du skal få prisen for 2025?