Felles beredskap er årets tema for Eigenberedskapsveka
Sigve Aspelund / DSB
I veke 44 arrangerast Eigenberedskapveka 2025. Målet er å auke folk si bevisstheit og kunnskap om eigenberedskap slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjere både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som skulle oppstå. Til dømes langvarige straumbrot, som fleire nyleg opplevde under ekstremværet Amy.
Alle treng likevel ikkje gjere alt åleine. Det kan vere lurt å samarbeide med vener, familie eller naboar om eigenberedskap.
Dette kan beredskapsvener hjelpe kvarandre med:
- fyrstehjelp ved skadar
- omsorg og støtte
- opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
- oversetjing og forklaring av informasjon fra myndigheitene
- praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
- innkjøp, bering og transport
- bytte eller byttelån av utstyr og varer
- lån av mobiltelefon som er kobla til eit anna nett enn din
- felles matlaging
Fakta om Egenberedskapsuka 2025
- Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap.
- Målet er å auke befolkinga sin kunnskap og bevisstheit, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klare seg sjølve i éi veke.
- Veka er initiert av DSB (Direktoratet for Samfunnsikkerhet og beredskap), men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak.
- Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsvenn.
- På dsb.no/egenberedskap er det mange gode tips om korleis du kan styrke din eigenberedskap.
Du kan finne brosjyrer om eigenberedskap på forskjellige språk i medieportalen på Direktoratet for Samfunnsikkerhet og beredskap sine nettsider.