Det er kommunalsjefen for kultur, kultursjefen, rektor for kulturskulen og prosjektleiar for tilflyttarkontoret som har sett saman programmet for kvelden.
– Det blir Hartvig Kiran, Hans Børli, Bellmann og mykje meir, hovudsakleg frå den norske lyrikk- og visetradisjonen, seier kultursjef Klungresæter.
Fotoutstilling med lokale motiv
Renate P. Johnsen, som også er tilsett i kultureininga, stiller ut bilete og motiv frå Bremanger i lokala der konserten skal vere. Johnsen er opphavleg frå Ålesund, og har fotoutdanning frå Glasgow School of Art i Skottland.
Fotograf Renate P. Johnsen stiller ut lokale motiv.Det eldste huset
Øyratunet blei bygd som bustadhus i 1860 av Per O. Rise som heim for familien. Staden gjekk også under namnet Olinahuset etter kona hans, Olina.
Ordet «øyra» har samanheng med at bygget ligg mellom to elvar som kjem ut i Nordgulen. Den eine elva, som er mindre kjent, heiter Risebekken og renn ut i fjorden ved Naustneset. Den andre er Rise-elva mellom sentrum og Elkem.
ØyratunetGratis inngang
Kanskje du skal ta turen til Øyratunet denne onsdagen før jul? Arrangementet er uformelt med fokus på lyrikk og poesi i det 165 år gamle huset.