Budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028
Bremanger kommunestyre vedtok den 17.12.2024, sak KST-100/24, Budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028.
Budsjettet inneber m.a. at eigedomsskatt på bustad og fritidsbustad vert redusert frå 3 til 2 promille. Vidare er det lagt opp til å bruke mellom 9 og 10 millionar kronar årleg i økonomiplanperioden til tiltak som skal bidra til rekruttering og tilflytting til Bremanger. Tiltaka omfattar m.a.:
- Gratis barnehage
- Bustadtilskot til førstegongsetablerarar i Bremanger
- Fritidskort til born mellom 6 og 18 år
- Startpakke for nytilsett i Bremanger kommune
- Etablering av eiga WEB-side som skal fokusere på det gode liv og moglegheitene i Bremanger
- Etablering av eige tilflyttar kontor (prosjekt)
Du finn budsjettet og økonomiplanen ved å følgje denne lenka
Publisert 03.01.2025 13.33