Bremanger kommune markerer 8. mai
Bremanger kommune markerer 8.mai frigjeringsdagen, og den Nasjonale veterandagen for å heidre alle våre veteranar frå 2. verdskrig, og fram til dagens internasjonale operasjonar.

Vi minnast dei som har gitt sitt liv for vår friheit. Markeringa vert halden ved minnesteinen ved Bremanger kyrkje fredag 8. mai kl. 14.30.
Agenda:
- Tale ved ordførar Anne Kristin Førde
- Musikkinnslag ved Norvall Klungresæter
- Kransepålegging
Vel møtt !
Vi oppmodar alle våre innbyggjarar til å ta del i markeringa ved å heise flagget til topps denne dagen til heider for våre veteranar.
Publisert 30.04.2026 13.12
Sist endra 30.04.2026 13.12