Møtet skal haldast på Svelgen samfunnshus torsdag den 18. september kl. 18.00, og vi håpar at så mange som mogleg vil ta turen. Heile 621 personar har allereie svart på innbyggarundersøkinga som vart sendt ut i august. Hovudfunna frå denne vil bli presentert på møtet.
Det er framleis tid til å svare på undersøkinga, då svarfristen går ut i morgon 5. september.
Innbyggarundersøking
- Nytt sjansen og påvirk framtida di i Bremanger. Vi er veldig glad for alle innspel som kjem, seier kommunalsjef og prosjektleiar for Temaplan for vaksne, Randi Ytrehus.
Papirvariantar av undersøkinga kan du finne på butikkane i Ålfoten, Davik, Leirgulen, Spar Kalvåg og Spar Bremanger.

Møteagenda:
- Innlegg frå Anne Berit Rafoss, prosjektleiar, Senter for eit aldersvennlig Norge.
- Informasjon om planarbeidet Temaplan for vaksne m/kommunalsjef Randi Ytrehus.
- Presentasjon av hovudfunna frå innbyggarundersøkinga.
- Gruppearbeid kor vi jobbar med utfordringar og moglege løysingar.
Det blir enkel servering. Vel møtt!