Bremanger aukar meir

Også i andre kvartal hadde Bremanger kommune auke i folketalet. Denne gongen var auken på ni personar. – Dermed har folketalet gått opp med 30 personar så langt i år, seier ordførar Anne Kristin Førde.

Ordføraren er forsiktig optimist, og seier den kraftige rekutteringspakken truleg er ein viktig del av forklaringa på kvifor folketalet i kommunen aukar. I første kvartal auka folketalet med 21 personar.

Pakke på ti millionar

Kommunestyret i Bremanger har vedtatt ein rekrutteringspakke der ein skal bruke ti millionar kroner i året på auka tilflytting. Eit tilflyttarkontor er etablert, og ein nettstad under overskrifta Gode Bremanger.

–På nettsida til Gode Bremanger kan ein finne meir informasjon om alt det Bremanger tilbyr dei som vil flytte hit, seier ordføraren.

Nærmar seg 3.400 innbyggarar

Folketalet i Bremanger nærmar seg no 3.400 innbyggarar. Det eksakte talet frå Statistisk Sentralbyrå for andre kvartal 2025 er 3.391 fastbuande i kommunen.

–Bremanger er ein kraftkommune, og slik sett er vi heldigare enn mange andre kommunar. Men her får vi ingenting gratis. Utfordringane med demografi ligg der, og innsatsen med å auke folketalet held fram. Skal vi lykkast, må vi ikkje berre vere attraktive for dei som vil flytte hit – vi må òg sikre fleire nye og framtidsretta arbeidsplassar basert på våre naturgitte fortrinn. Med hav, fjell og kraftressursar har vi store moglegheiter til å byggje berekraftige arbeidsplassar som kan gje både unge og etablerte grunn til å satse på Bremanger, avsluttar Førde. 

Kjelde: Kommunefakta – SSB