Bokbad med Maria Parr i mars

Forfattar Maria Parr blir omtalt som vår tids Astrid Lindgren. No kjem ho til Svelgen.

Den kritikarroste forfattaren kjem til Bremanger Fjordhotell onsdag 11. mars klokka 18.00 for å snakke om bøkene sine.

Tonje Glimmerdal

Maria Parr debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009. For den boka fekk ho Brageprisen, Teskjekjerringprisen (etter Alf Prøysen) og Kritikarprisen. Kritikarprisen blir rekna som den mest prestiefylte litterære prisen i norsk samanheng.

Maria Parr - Klikk for stort bileteMaria Parr er frå Vanylven

Vaffelhjarte og Nordstoga

Mange hugsar sikkert Vaffelhjarte som gjekk gjekk på NRK. Serien vann mellom anna Gullruten for beste barne- og ungdomsprogram. Gullruten er den årlege markeringa til den norske TV-bransjen der ein kårar dei beste fjernsynsseriane.

Songen «BesteVenn» av Odd Nordstoga, er framleis mykje spelt på radio.

Omsett til mange språk

Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 fekk ho Sult-prisen som Gyldendal deler ut. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens, Brageprisen, og dei blei nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg

Sunnmøringen Parr blir samanlikna både med den sveitsiske barnebokforfattaren Johanna Spyris, og med svenske Astrid Lindgren.

Maria Parr har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.