Bokbad: Globetrotter til Svelgen

Gunnar Garfors, som har reist verda rundt, likar seg godt i Bremanger. Onsdag 15. oktober kjem han til Svelgen for å snakke om bøkene sine.

Garfors har over 20.000 følgjarar på Instagram, og har skrive seks bøker.

Reiseverksemda hans inkluderer ei rekkje verdsrekordar, og han har vore intervjua og omtalt av media i over 100 land.

Arrangementet er på Bremanger Fjordhotell onsdag 15. oktober klokka 18.00.

Foto av Gunnar Garfors poserer saman med ein annan mann med gevær. - Klikk for stort bileteGunnar Garfors i Jemen.

 

 

 

 

Har reist i alle verdas land

I Svelgen skal han snakke om kva som er bra med Bremanger, og kva vi som bur i kommunen kan vere stolte av. Det unike med Bremanger.

I 2012 var Garfors med i ein Guinness-rekord som handla om å besøke fem kontinent på eitt døgn. I 2014 sette han ny rekord ved å besøke 19 land på 24 timar saman med to medreisande.

Vinteren 2018 vart sunnfjordingen det første menneske som har besøkt alle verdas 198 land to gonger.

Gunnar Garfors poserer for kamera med ei kvinne frå Nord-Korea. - Klikk for stort bileteGunnar Garfors i Nord-Korea.

 

 

 

 

Fleire reisebøker

Debuten som forfattar kom på Samlaget i 2014 med boka «Mi reise til alle verdas land». Deretter kom «Ete fysst: 18 forteljingar om Sunnfjord», saman med Liv Grimsbø på Selja Forlag.

Etterpå har han publisert fire bøker på Skald forlag i Sogn: «Ingenstad : på tur til verdas minst besøkte land» (Skald, 2019), «Vestlandet : bortom allfarveg : 99 reisetips til ein briljant ferie» (Skald, 2022), «Austlandet: 88 fabelaktige reisetips» (Skald, 2023) og «Mellom linjene: på liv og død langs ekvator og polarsirklane» (Skald, 2025).

Garfors er frå Naustdal, og bur i Oslo. Onsdag 15. oktober kjem han til Svelgen for å snakke om reisene og bøkene sine. Arrangementet er gratis.