Denne kvelden blir det på bokbad på Bremanger Fjordhotell frå klokka 18.00. Nordfjordingen kjem for å snakke om boka han har skrive, og som har fått tittelen; «Team Berlin. Europa-korrespondent 2019 – 2023».
Nordfjordingen blei landskjend under pandemien då han rapporterte frå italienske sjukehus, og seinare etter den russiske invasjonen av Ukraina i februar 2022.
I boka skriv han at erfaringane med å reise inn i eit krigsråka Ukraina, dagen etter at Russland gjekk til fullskala invasjon. Den reportasjereisa utløyste kjensler han nok kanskje hadde undertrykt etter at han var soldat på Balkan i dei fredsbevarande styrkane i Bosnia og Kosovo på 1990-talet.
Her er han på jobb for NRK i Ukraina.
NRK
Heim til Nordfjord
Bruland har fått Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Etter NRK-karrieren flytta han heim til familiegarden i Utvik for å dyrke bringebær.
Når han ikkje er bonde, jobbar han som kommunikasjonssjef for NOREC i Førde. NOREC er det tidlegare Fredskorpset med heile verda som operasjonsområde.