
I år kan Bremanger kommune skilte med heile to nominerte til Spellemannsprisen 2026. Og ikkje nok med det, dei to nominerte har fått to nominasjonar kvar.
Iver Strand Senneset frå bandet Oddny er nominert til “Årets låtskrivar” og TONO's Tekstforfattarpris. Aksel Arvid Hauge er nominert til “Årets produsent” og “Årets internasjonale suksess” for samarbeidet med britiske PinkPantheress.
For å markere dette, blir det Spellemann-samling på Kulturhuset Heimen. Dørene opnar kl. 19.00, og sjølve NRK-sendinga startar kl. 19.50-22.00.
Elles blir det musikkinnslag med Jim Steven Igland og Jarle Grotle, servering av gratis kaffi og kake, samt open kiosk.
Arrangementet er gratis.