Black Friday - Buss til Førde

Ungdomsrådet i Bremanger har satt opp buss frå Hauge til Førde for dei som er født i perioden 2008-2012. 

Fredag 28. november er det Black Friday, og ungdomsrådet i Bremanger har satt opp buss frå Hauge til Førde denne dagen. 

Her kan du gå på bussen

Bussen køyrer hovudvegen: Hauge - Leirgulen/Bortne - Svelgen og til Førde. 
Myklebust er siste stoppet du kan gå på. 

Ungdom frå området Rugsund - Davik - Ålfoten kan gå på ved brua ved Kolset oppvekst eller ved utgangen av Bortnetunnelen. 

Retur frå Førde klokka 22.00. 

Betaling

Ungdomsrådet betalar billetten. 
Tilbodet gjeld deg som er født i perioden 2008 til 2012. 
 

Påmelding

Påmeldingsfrist er 23. november. For å sikre deg ein plass må du vere rask med påmeldinga. 
Bussen går uansett kor mange som er påmeldt. 

Bruk påmelding med bussen frå Hauge for alle stopp til og med Bortnetunnelen. 

Her kan du melde deg på buss frå Hauge. 
Bussen går klokka 16.00.

Her kan du melde deg på buss frå Svelgen
Bussen går klokka 16.45.