Besøksregistrering på rådhuset

Når du kjem til rådhuset, møter du kommuneverten vår. Dette er ein digital skjerm der du skal registrere at du har kome til avtala di, eller du kan få hjelp til å bestille time hos ein tilsett.

Hovuddøra til rådhuset er stengd. Dette er gjort av fleire grunnar:

  • Besøksregistrering
  • Brannsikkerheit med mogelegheit for å varsle alle som er på huset
  • For at tilsette på rådhuset kan disponere tida si betre, og at du som besøkande veit at den du kjem for å snakke med faktisk er ledig og til stades.  

Avtal møte på førehand

For deg som besøkande betyr det at du må gjere ei avtale på førehand. Det kan du gjere ved å kontakte den du ønsker avtale med, på telefon eller e-post. For enkelte av våre tilsette er det mogeleg å bestille time via nettsida vår her.  

Drop-in hos enkelte avdelingar

For nokre avdelingar har vi det vi kallar for «drop-in tid». Der er det registrert noko ledig tid i løpet av dagen, der du kan komme innom utan avtale. Drop-in tida vil variere for dei forskjellige avdelingane, og kan variere frå veke til veke.

Registrering ved besøk

Når du kjem på rådhuset må du registrere kven du har ei avtale med, samt ditt namn og telefonnummer. Du vert så henta av vedkomande. Når møtet er over, vert du følgd til døra og registrert ut.

Servicekontoret

Skal du ha utført tenester ved Servicekontoret er det ikkje nødvendig å bestille time. Trykk berre på knappen “Kontakt Servicekontoret” for å få kome inn.