Iglandsvik Næringspark
Suzanne Sagebø/Bremanger kommune
Oppstart av utbygginga av ny hamn skal etter planen starte på nyåret. I Kystverket sitt utbyggingsprosjekt i 2026 vil det bli etablert moloar og utdjuping av innsegling og fiskerihamn.
Men kaier ligg til kommune og næringa sjølve å investere i. Derfor ønsker ein å få inn behov og ønsker, slik at ein kan detaljprosjektere næringsareal og hamneområdet for fiskerihamna. Dette for å kunne sende inn søknad til Kystverket for tilskot til fiskerihamntiltak i mars 2026.
Hamnesjef Monica Sande fekk inn mange innspel på møtet i går. Dersom det er andre som av ulike årsakar ikkje har fått meldt inn sine behov, så kan dei ta kontakt på e-post/telefon til monica.sande@bremanger.kommune.no / 99 43 92 90.