Ber innbyggarane om råd

Bremanger vil kartlegge behova til innbyggjarar over 18 år. 

– For å få eit klårare bilete av behova til dei vaksne i kommunen, sender vi ut ei spørjeundersøking, seier kommunalsjef Randi Ytrehus.

Planen kommune arbeider med gjeld heile det vaksne livet: Leve som vaksen i Bremanger.

Målgruppa er alle innbyggarar over 18 år. Målet med undersøkinga er å få større innsikt i forhold til oppstart av plan for alle vaksne i Bremanger kommune. Men også få innsikt i forhold til innsatsområda i bu trygt heime reforma, og få innbyggjarane til å tenkje på, og planlegge alderdomen. 

Den demografiske utviklinga i Bremanger er komen lenger enn i andre kommunar i den forstand at talet på eldre utgjer ein stadig større del av befolkninga. 

Folkemøte i Svelgen

I sum vil dette legge grunnlaget for workshop med dei folkevalde, og innbyggjarmøte i Svelgen torsdag 18. september kl. 18.00. Helsedirektoratet vil vere representert på begge desse møta med prosjektleiar Anne Berit Rafoss. Ho kjem frå Senteret for et aldersvennlig Norge i direktoratet. 

Samsvarer med statleg satsing

Bakgrunnen for arbeidet er stortingsmeldinga regjeringa la fram sommaren 2023. I meldinga som har tittelen «Fellesskap og meistring – Bu trygt heime» presenterer regjeringa ein samla innsats for eit meir aldersvennleg samfunn prega av openheit, tryggheit og fellesskap. 

Meldinga har fire innsatsområde: Levande lokalsamfunn, bustadtilpassing og -planlegging, kompetente og myndiggjorde medarbeidarar og tryggleik for brukarar og støtte til pårørande.

Dei overordna måla med reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. 

Ikkje svindel

På kommunalt nivå går dette inn i arbeidet med samfunnsplanen fram til 2033, og tenestene til dei som bur i Bremanger. Samfunnsdelen av kommuneplanen blir gjerne omtalt som kommunen sitt politiske kompass, og er tenkt å vise kva kurs kommunen skal ha framover i eit noko lengre perspektiv.

 Fredag 22. august går spørjeundersøkinga ut til innbyggarane. Mange får då ein sms med spørsmål om dei vil svare på spørsmåla frå kommunen.

- I desse svindeltider forstår vi at nokon kan bli skeptiske, men her ber vi om svar på nokre enkle spørsmål så dette er heilt ufarleg, seier kommunalsjef Ytrehus. 

Tilgjengelege skjema

I folkehelsesamanheng kjem Bremanger ganske godt ut. Det er i spørsmålet om demografi kommunen utmerkar seg. Her ligg kommunen lenger fram i utviklinga enn mange andre.

Difor treng vi innspel til planverket fram mot politisk handsaming til våren. Vi håpar flest mogleg nyttar høvet til å svare på spørsmåla vi har sendt ut.

-          Vi oppmodar innbyggarane om først og fremst til å svare digitalt, seier Ytrehus.

For dei som ikkje er like komfortable med det, er det lagt ut skjema på butikkane i Ålfoten, Davik, Leirgulen, Spar Kalvåg og Spar Bremanger om å levere ut skjema i konvoluttar og samle inn. Det er også lagt ut skjema på rådhuset og på biblioteka våre, seier Ytrehus.

Det blir som sagt folkemøte i regi av kommunen på Svelgen samfunnshus denne hausten. Datoen for møte er torsdag 18. september klokka 18.00.