
Ben Ward vart kjend for store delar av Norge då han i 2024 var med i tv-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» på NRK. I serien vart vi kjend med Ben, som tok valet om å flytte frå London til fjellgarden Kroken i Luster i Sogn.
Over to episodar fekk vi fylgje engelskmannen gjennom både opp- og nedturar i det tunge arbeidet med å gjere garden om til ein heim. Den fyrste episoden sette sjåarrekord, då han etter kun tre veker var sett av heile 504 000 via straumetenesta til NRK TV.
På føredragsturné
No er Ward på føredragsturné i regi og ein av stoppestadane er Svelgen. Arrangementet er i regi av Bremanger folkeakademi, i samarbeid med Bremanger frivilligsentral, Bremanger Fjordhotell og folkebiblioteket.
Kom og høyre den inspirerande historia om Ben, som skapa eit nytt liv på ein veglaus fjellgard i Sogn.
- Det er gratis inngang.
- Boksal og signering etter føredraget.