I spørreundersøkinga som kommunen sendte ut tidlegare i haust, fekk innbyggarane spørsmål knytt til tema som bustad, transport, aktivitet og uteområde. Dette for å kartlegge innbyggarane sine behov, som skal danne grunnlaget for det vidare arbeidet med å lage ein “Temaplan for vaksne”.
Denne planen skal munne ut i heilt konkrete tiltak for å gjere lokalsamfunnet betre for alle.
– Vi er glade for at så mange har teke seg tid til å svare på undersøkinga. Resultata gir oss verdifull innsikt vi kan bruke til å utvikle Bremangersamfunnet vidare, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Randi Ytrehus.
F.v Kommunalsjef Randi Ytrehus og utvikligskoordinator Anne Karin Svarstad
Bremanger kommune
No jobbar ho og utviklingskoordinator Anne Karin Svarstad med planlegging av folkemøtet som går av stabelen komande torsdag den 18. september klokka 18.00 på Svelgen samfunnshus.
– Innbyggarane har engasjert seg, og vi ønskjer alle som har høve til det velkommen til folkemøte torsdag - ta del i utviklinga av ditt samfunn, oppfordrar kommunalsjefen.
Møteagenda:
- Innlegg frå Anne Berit Rafoss, prosjektleiar, Senter for eit aldersvennlig Norge.
- Informasjon om planarbeidet Temaplan for vaksne m/kommunalsjef Randi Ytrehus.
- Presentasjon av hovudfunna frå innbyggarundersøkinga.
- Gruppearbeid kor vi jobbar med utfordringar og moglege løysingar.
Det blir enkel servering. Vel møtt!