27. februar: Kulturnatta 2026 i Svelgen

Det nærmar seg Kulturnatta 2026 i Svelgen fredag den 27. februar. Det er eit rikhaldig program som innheld noko for både store og små. 

Program:

  • 16.30 - Opning Øyratunet - Salsutstilling ved Åge Steinset
  • 18.00 - Ope hus på Realen med kafé
  • 18.00 - Bokbad med Trond Thue på biblioteket
  • 18.00 - Gratis kino/Flåklypa - frå Paris til Pyramidene
  • 20.00-24.00 - Musikkafé og korpub på Bremanger Fjordhotell

Meir informasjon om programmet

Åge Steinset kjem opprinneleg frå Svelgen. Han har igjennom fleire tiår vore ein hyppig utstillar i inn- og utland, og er innkjøpt av kommunar, fylkeskommunar, kunstmuseum og offentlege institusjonar, mellom anna Norsk kulturråd. Du kan lese meir om han på Gode Bremanger. 

Trond Thue er forfattar. Han kjem til Svelgen den 27. februar for å snakke om to bøker med band til Bremanger. Sjå eige oppslag på Gode Bremanger. 

Kulturhuset Realen vil ha ope hus med kafé, bruktbutikk og kunstklubb med utstilling. 

På kvelden frå kl. 20.00 vil det vere musikkkafé og korpub på Bremanger Fjordhotell. Her vert det først lokal musikk med ulike aktørar, kanskje ein musikkquiz og tilslutt blir det felles sang.