Ved årsskifte må du sjølv lese av vassmålaren og rapportere inn forbruket til kommunen. Dersom det ikkje vert gjort, vil vi gå tilbake til å fakturere for stipulert forbruk.
Rapportering kan gjerast på epost til post@bremanger.kommune.no eller via elektronisk skjema.
Forbruksgebyret vert då rekna ut frå mengda vatn du har brukt siste året, og blir fakturert etterskotsvis i 1.termin året etter.
Dersom du skal selje bustad med vassmålar bør du lese av vassmålaren, og kontakte kommunen for å få sluttfaktura på forbruket.