Telefon/SMS varsling

I samband med avstenging av vatn, lekkasjar, driftsavbrot etc. vil det gå ut ein beskjed om kva som har skjedd eller kva som skal skje.

Kommunen nyttar Varsling 24 for å varsle husstandar og bedrifter i eit geografisk område via SMS og talemelding til alle innbyggarar over 16 år i ein husstand og alle kontaktpersonar i ei bedrift. Forutsetninga er at bebuarar er oppført i folkeregisteret med riktig adresse og kontaktinformasjon i kontaktregisteret.