Tilsyn av spreidde avløpsanleggBremanger kommune er ein del av eit interkommunalt samarbeid med nordfjordkommunane for tilsyn av spreidde avløp. Dette samarbeidet skal auke kvaliteten i tilsynsarbeidet i kommunane.Spreidde avløpsanlegg er små private avløpsanlegg, minirenseanlegg, slamtanker og liknande. Kommunar er pålagd å føre tilsyn av desse. Tilsynsarbeidet består av digitale tilsyn, kartleggingar og dokumentkontrollar i tillegg til fysiske tilsyn. GebyrTilsynet blir finansiert ved eit tilsynsgebyr som fakturerast per avløpsanlegg. Du må betale tilsynsgebyr også dei åra det ikkje blir gjennomført fysisk tilsyn på ditt anlegg.BakgrunnI 2023 vedtok kommunestyra i Nordfjord at Gloppen skal vere vertskommune for eit tilsynssamarbeid for nordfjordkommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Tilsynssamarbeidet starta januar 2024. Publisert 11.11.2024 14.03 Sist endra 11.11.2024 14.19