Spekter

Spekter er ei ikkje-anonym spørjeundersøking som bli brukt til å kartlegge læringsmiljøet i ei klasse. Det blir brukt for å jobbe med å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane.

I følgje opplæringslova kapittel 12 er det ein del av skulen sitt mandat og plikt å hente inn viktig informasjon om elevane sitt læringsmiljø. I § 12 står det: 

«Skolen skal arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt miljø.» 

Spekter-undersøkinga er digital. Noko som gjer det enklare å følgje personvernlovgjevinga (GDPR). Informasjonen går ikkje til andre enn dei som skal ha den, og blir sletta automatisk etter gitt tid. Ingen andre elevar eller foreldre får innsyn i kva eleven har svart.

Spekter har to ulike undersøkingar; éin versjon til bruk i det førebyggande arbeidet, Spekter førebyggande, og éin versjon som kan brukast på visse vilkår ved konkret mistanke om at nokre elevar ikkje har det trygt og godt på skulen, Spekter undersøkande.

Bremanger kommune legg opp til ein systematisk bruk av Spekter førebyggande for 5. - 10. klasse for å sikre at skulen sin praksis blir førebyggande og systematisk, og for å unngå «vente og sjå» ved teikn på at elevar ikkje har det trygt og godt på skulen.

Lenkjer

Her kan du lese meir om Spekter