Kommunalt innsatsteam for trygt og godt miljø
Det kommunale innsatsteamet kan hjelpe foreldre, elevar, barnehagar og skular i saker som handlar om læringsmiljø, mobbing, krenkingar og andre hendingar.
Bremanger kommune har etablert eit innsatsteam for trygt og godt miljø for barnehagar og skular.
Teamet består av tilsette frå ulike barnehagar og skular, PPT-leiar og utviklingskoordinator i oppvekst.
Vi har valt å satse på eit kommunalt innsatsteam for trygt og godt miljø fordi vi ser at einingane våre i einskilde tilfelle kan bli veldig små med tanke på å sikre objektivitet og habilitet. Ved å ha eit kommunalt innsatsteam med tilsette frå ulike barnehagar og skular kan ein trygge heimen på at saka blir handsama objektivt og ein får eit betre utgangspunkt for vegen vidare.
Å bygge tillit mellom barnehage/skule og heim er heilt avgjerande for at vi skal lukkast i arbeidet med eit trygt og godt miljø for alle barn og elevar.
- Barn
- Føresette
- Driftssjef
- Fagleiar
- Tilsette i barnehage og skule
- Andre, t.d. helsesjukepleiar, barnevern, andre samarbeidsparter
For føresette/elevar
Hjelpe foreldre/ elevar når dei ikkje opplever å bli teke på alvor av barnehagen eller skulen.
Vere ein drøftingspart med foreldre som er uroa for barnet sitt.
For tilsette i barnehage og skule
- Støtte i det førebyggande arbeidet.
- Bidra med kompetanseheving i personalet.
- Vere ein sparring-partner for barnehagane og skulane når dei har ei sak.
- Hjelpe barnehagar og skular i saker som er kompliserte.
- Vere meir direkte involvert i arbeidet, t.d. når saka utfordrar habiliteten
- Observasjonar og refleksjon med tilsette
- Rettleiing på klasseleiing og utvikling av felles praksis/struktur/rammer
- Relasjonsbygging
- Heim – barnehage/skulesamarbeid
Innsatsteamet skal ikkje ta over sakene frå barnehagen eller skulane, men vere ein støttespelar i arbeidet.
Publisert 14.05.2024 14.44
Sist endra 17.06.2024 14.03