TIBIR-foreldretilbod

Bremanger kommune er ei TIBIR kommune, og kan gje eit tilbod om PMTO-behandling og TIBIR-foreldrerådgjeving. 

Dømer på utfordringar:

  • 4-åringen nok ein gong har slått seg vrang under handleturen» 
  • Barnet forhandler i det uendelige, lenge etter at tolmodigheten vår er slutt» 
  • Endå ein ettermiddag med søskenkrangling»

Høyres dette kjent ut?

Alle barn oppfører seg slik frå tid til annan. Nokre gongar ender det med at vi som foreldre handler spontant med frustrasjon, sinne og oppgittheit. Når denne veremåten blir eit mønster som gjentar seg over tid kan foreldre trenge nokon å rådføre seg med.

TIBIR og PMTO

Bremanger kommune er ei TIBIR kommune, og kan gje eit tilbod om PMTO-behandling og TIBIR-foreldrerådgjeving. Vi tilbyr målretta rettleiing der vi trener på alternative måter å møte barnet på. 

Tilbodet inneber vekentlig møter á ein time. Timene vil innehalde drøftingar og praktiske øvingar der vi øver på å finne gode løysingar på korleis de kan styrke samspelet i familien. 

Tilboda er gratis og finst på helsestasjonen og oppvekst.

Du kan finne meir informasjon om TIBIR på pmto.no

PMTO-terapaut: 

Astrid Polden
Telefon: 959 82 935
E-post: astrid.kristine.polden@bremanger.kommune.no

TIBIR-foreldrerådgjevarar:

Janne Kjærstad
Telefon: 482 40 053
E-post: janne.kjerstad@bremanger.kommune.no  

Siriann Borgund
Telefon: 477 68 362
E-post: siriann.borgund@bremanger.kommune.no