Krav om sletting av fråvær må framsettast kvart skuleår frå 8.–10. klasse.
Søknad om sletting utførast i Vigilo fortløpande og seinast innan 1. juni i det året det vert søkt for.
For å få sletta fråvær må fråværet skuldast følgjande årsaker:
- helseårsaker (må dokumenterast med legeerklæring)
- innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-2
- heilagdagar for elevar frå trussamfunn utanfor Den norske kyrkja.
Saman med søknaden må det ligge dokumentasjon der dette vert kravd, og som ikkje er levert tidlegare.
Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunna av nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.
Når eleven er over 15 år, kan han/ho krevje sletting av fråvær utan at foreldra underteiknar.
Elev/foreldre kan i tillegg krevje at årsak til fråvær blir ført på et vedlegg til vitnemålet.
Det må leggast fram dokumentasjon på fråværet.
Du søkjer om sletting av gyldig fråvær gjennom Vigilo
Hjelp - Slik sender du søknad