Permisjon

Elevar kan få permisjon i inntil 10 skuledagar per skuleår.

Dersom foreldre/føresette vel å ta eleven ut av skulen utover 10 skuledagar per år, skal eleven skrivast ut av skulen. Foreldre/føresette må sjølve sørge for skulegang på annan skule, eller sørge for opplæringsansvaret sjølve.

Det blir ikkje innvilga permisjon ved førebuing til, og gjennomføring av:

  1. statlege kartleggingsprøver
  2. nasjonale prøver
  3. munnleg og skriftleg eksamen
  4. prøver og vurderingssituasjonar slik det kjem fram av skulen sin terminplan/prøveplan

Skulen vurderer om det er forsvarleg at eleven får permisjon.

Slik søkjer du?

Du søkjer om permisjon gjennom vigilo

Forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa (PDF, 161 kB)