SFO

Tilbod om skulefritidsordninga (SFO) er heimla i Opplæringslova, der alle kommunar er pålagt å gje eit slikt tilbod, men utan å definere kapasitet eller tilgjenge.

For informasjon om SFO i din skulekrins må du ta kontakt det aktuelle oppvekstsenteret ved driftssjef eller fagleiar i barnehage.

Barnehagane i Bremanger Skulane i Bremanger

Slik søker du om plass på SFO

Logg inn på Vigilo

  • Gå til logg inn
  • Vel Bremanger kommune
  • Innlogging skjer ved bruk av ID-porten
  • Inne i løysinga vil du få ei oversikt over alle dine barn som er knytt til skule og/eller barnehage i Bremanger kommune
  • Vel barnet det gjeld
  • Klikk på «Søknader» i menyen
  • Klikk «Søk SFO-plass» for å starte søknadsprosessen
  • Etter at søknaden er sendt inn så vil du finne oversikt og status på søknaden din inne i vigilo

Reduksjon i foreldrebetalinga SFO

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1.-4. årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:

  1. foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller
  2. det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.

Betaling for kost kan komme i tillegg.

Rutine for redusert foreldrebetaling (PDF, 270 kB)

Vedtekter for SFO (PDF, 201 kB)