Det held at éin av foreldra samtykker. Den som samtykker, må ha foreldreansvar for barnet.
Elevar over 15 år: Når barnet ditt har fylt 15 år skal det sjølv ta stilling til om det vil samtykke til fotografering og deling av bilete. Som forelder, etter at barnet ditt har fylt 15 år, samtykker du i Vigilo på vegne av barnet ditt og det er ditt ansvar at barnet har blitt høyrt før du svarar ut samtykket i Vigilo.
Kommunen har ulike samtykke for bruk av bilete i barnehage og skule. Som føresett kan du velje om du vil gje samtykke, og eventuelt kva for nokre samtykke du ønskjer å gje. Samtykka finn du i Vigilo:
- Samtykke til at barnehagen/ skulen kan ta bilete av barnet mitt og dele bilete til intern bruk. Dette betyr at bilete kan brukast i barnehagen/ skulen. Det kan t.d. vere til visning for klassen, i samlingar i barnehagen/ skulen eller i eit foreldremøte.
- Samtykke til at barnehagen/ skulen kan dele bilete i Vigilo, t.d. gjennom nyheiter eller kunngjeringar.
- Samtykke til at barnehagen/skulen kan ta bilete av barnet mitt og bruke dette i presentasjonar i nettverk med andre barnehagar/ skular i kommunen.
- Samtykke til at Bremanger kommune kan ta bilete av barnet mitt og dele bilete på kommunen si offisielle heimeside, kommunen sine sosiale media (facebook, snap, instagram) og i planer og presentasjonar kommunen publiserer.
Bruk av bilete/video i barnehagen og skulen
Barnehagen/ skulen skal vise varsemd ved publisering av bilete og video, og i kva situasjonar bilete/ video blir teke. Barnehagen/ skulen skal ta i vare barnet sin integritet og rett til privatliv. Det er barnehagen/ skulen si oppgåve å passe på at denne retten blir teke i vare, og at barn ikkje blir teke bilete/video av i uheldige situasjonar.
Særskilte samtykke
Ved publisering av bilete i pressa, skal barnehagen/ skulen først be om særskilt samtykke frå føresette. Ein tek då direkte kontakt med dei det gjeld.
Barnehagen/ skulen skal be om særskilt samtykke dersom det blir aktuelt med filming/video av barn og eventuelt deling av dette.
Trekkje tilbake samtykke
Dersom føresette trekkjer eit samtykke om bruk av bilete eller video tilbake, vil barnehagen/skulen på førespurnad frå føresette fjerne bilete eller video av barnet som er publisert.
Vigilo