Kommunen har ulike samtykke for bruk av bilete i barnehage og skule. Som føresett kan du velje om du vil gje samtykke, og eventuelt kva for nokre samtykke du ønskjer å gje. Samtykka finn du i Vigilo:
- Samtykke til at barnehagen/ skulen kan ta bilete av barnet mitt og dele bilete til intern bruk. Dette betyr at bilete kan brukast i barnehagen/ skulen. Det kan t.d. vere til visning for klassen, i samlingar i barnehagen/ skulen eller i eit foreldremøte.
- Samtykke til at barnehagen/ skulen kan dele bilete i Vigilo, t.d. gjennom nyheiter eller kunngjeringar.
- Samtykke til at barnehagen/skulen kan ta bilete av barnet mitt og bruke dette i presentasjonar i nettverk med andre barnehagar/ skular i kommunen.
- Samtykke til at Bremanger kommune kan ta bilete av barnet mitt og dele bilete på kommunen si offisielle heimeside, kommunen sine sosiale media (facebook, snap, instagram) og i planer og presentasjonar kommunen publiserer.
Bruk av bilete/video i barnehagen og skulen
Barnehagen/ skulen skal vise varsemd ved publisering av bilete og video, og i kva situasjonar bilete/ video blir teke. Barnehagen/ skulen skal ta i vare barnet sin integritet og rett til privatliv. Det er barnehagen/ skulen si oppgåve å passe på at denne retten blir teke i vare, og at barn ikkje blir teke bilete/video av i uheldige situasjonar.
Særskilte samtykke
Ved publisering av bilete i pressa, skal barnehagen/ skulen først be om særskilt samtykke frå føresette. Ein tek då direkte kontakt med dei det gjeld.
Barnehagen/ skulen skal be om særskilt samtykke dersom det blir aktuelt med filming/video av barn og eventuelt deling av dette.
Trekkje tilbake samtykke
Dersom føresette trekkjer eit samtykke om bruk av bilete eller video tilbake, vil barnehagen/skulen på førespurnad frå føresette fjerne bilete eller video av barnet som er publisert.
Vigilo