PPTPedagogisk-psykologisk teneste for Bremanger er ei kommunal teneste, heimla i opplæringslova.PPT er ei teneste for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov. I tillegg til individretta arbeid, har PPT og ansvar for å følgje opp det systemretta arbeidet som blir drive i barnehage og skule. PPT skal gje sakkunnig vurdering der det etter opplæringslova er krav om det. Kven kan få råd og hjelp hjå PPT Barn under skulepliktig alder med behov for særleg oppfølgingBarn og ungdom med særlege behovVaksne med spesialpedagogiske behovFøresette, skule og barnehage som treng rettleiing i høve barn og ungeSkular og barnehagar innan området kompetanse- og organisasjonsutvikling Kven kan kontakte PPT PPT får dei fleste førespurnadene frå helsestasjonen, barnehage og skule, men føresette og eleven sjølv kan og, i visse høve, søkje om råd og hjelp. Tilvising til PPT som gjeld einskildpersonar skal alltid skje etter samtykke frå føresette.Foreldre og elevar over 15 år kan også ta direkte kontakt med PPT.Elevar som går i vidaregåande skule, tar kontakt med PP-tenesta i kommunen der dei går på skule. Handsamingstid Vi har ingen søknadsfrist. Innmelde saker blir handsama på første inntaksmøte, og innan tre veker vil det føreligge ei tilbakemelding med informasjon om vidare sakshandsaming. Postadresse Bremanger kommunePPT for BremangerPostboks 1046721 Svelgen Publisert 11.06.2024 10.44 Sist endra 01.11.2024 10.00