Gratis barnehage

Frå 1.8.2024 er det gratis barnehageplass i alle barnehagane i kommunen. Det einaste ein betalar er kostpengar.

Kolset barnehage  - Klikk for stort bileteKolset barnehage

Dei 7 kommunale barnehagane 

Bremanger kommune har 7 barnehagar fordelt på 5 oppvekstsenter. Du kan finne meir informasjon om oppvekstsentera her.

Korleis søkjer eg?

Føresette søkjer elektronisk. Dei som treng rettleiing for å søkje, kan ta kontakt med ein av barnehagane i Bremanger kommune. Barnehagen kan også gje svar på spørsmål vedrørande søknad og opptak.

Søk barnehageplass

Kostpengar

Det einaste ein må betale er månadlege kostpengar:

  • 100 % plass: 400,-
  • 80 % plass: 320,-
  • 60 % plass: 240,-