Brudefolk, forlovarar og gjestar bør møte opp i god tid før vigsel.
Det må vere to vitner tilstade under seremonien, dette er vanlegvis forlovarane, men det kan òg vere to andre myndige personar. Kommunen kan stille med vitner innanfor ordinær kontortid.
Seremonien tek omlag 10-15 minutt.
Sjølve vigselen går føre seg ved at vigslar les ein fastsett tekst for borgarleg vigsel. Vigslar kan nytte nynorsk, bokmål eller engelsk. For andre språk må brudeparet sjølve skaffe tolk.
Gje beskjed før vigselen startar om de ønskjer å utveksle ringar.
I slutten av seremonien underteiknar brudeparet, vitna og vigslar vigselprotokollen.
De kan ha musikk under vigselen, men det må de ordne sjølve.