Du kan møte opp på servicekontoret på rådhuset i Svelgen. Opningstida er måndag til fredag kl. 09.00-15.30.
Slik går tidlegrøystinga føre seg:
Når du tidlegrøystar, er ikkje dei ordinære røystesetlane klare, og du må nytte partirøystesetel. Den inneheld berre namn på parti, og du må krysse for det partiet du vil røyste på. Setelen får du utlevert når du kjem for å røyste.
Røysta di vert stempla og lagt i ein valkonvolutt, deretter i ein omslagskonvolutt ilag med eit informasjonsskort, før du får leggje den i valurna.
Røysta di er hemmeleg sjølv om du legg den i konvoluttar og namnet ditt ligg ved. Når vi godkjenner og tel desse røystene vert konvoluttane splitta (valkonvolutt og omslagskonvolutt), og informasjonskortet som inneheld namn fjerna. Valkonvolutten, som er lukka, vert lagt i bunkar med andre veljarar sine valkonvoluttar og kan ikkje lenger sporast til deg.
Du kan tidlegrøyste ved sametingsvalet også.