Røyste heime

Dersom du grunna sjukdom eller har nedsett funksjonsevne og ikkje kan røyste i vallokalet, så kan du ta kontakt med kommunen for å få røyste heime eller der du er.

Du kan ringe oss på tlf 577 96 300/95 20 60 55 eller ta kontakt på e-post: hj@bremanger.kommune.no for å avtale tid og stad. Frist for å ta kontakt er torsdag 4. september kl. 12.00.

Når du røystar heime så går det føre seg slik:

  • To valmedarbeidarar vil ha med seg røstesetelsett med alle partia som stiller til val
  • Valmedarbeidar sjekkar legitimasjon
  • Du vel ein røystesetel for den lista/ det partiet du vil røyste på
  • Valmedarbeidaren stemplar setelen
  • Du slepp setelen ned i urna
  • Valet er hemmeleg – du beheld difor sjølv dei røystesetelsetlane du ikkje har brukt
  • Treng du hjelp, så kan valmedarbeidaren eller ein person du sjølv peikar ut hjelpe deg. Hjelpar har alltid teieplikt om dei får innsikt i kva du røystar