Kven kan røyste ved sametingsvalet?For å kunne røyste ved sametingsvalet må du:Du må vere fylt 18 år innan utgang av valåretDu må vere registrert i sametinget sitt valmanntal:Når du registrerer deg må du gje erklæring om at du oppfattar deg sjølv som same og at du enten har samisk som heimespråk eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforeldre med samisk som heimespråk eller at du er barn av en person som står eller har stått i valmanntalet.Har du registrert deg i Sametingets valmanntal innan midnatt 30. juni i valåret, så har du røysterett ved valet i 2025.Dersom du er same fra Sverige, Finland eller Russland, så må du ha vert folkeregistrert i Noreg dei tre siste åra før du kan registrere deg inn i Sametingets valmanntal. Publisert 21.01.2025 14.37 Sist endra 05.02.2025 12.09